Psykologspesialist
Har du lyst å vere med å vidareutvikle vår allmennpsykiatriske døgnavdeling?
Bjørgvin Distriktspsykiatriske Senter er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og bydelane Åsane og Arna i Bergen kommune. Samla har vi eit opptaksområde med omkring 80.000 innbyggarar over 18 år.
Bjørgvin DPS består av fagområda allmenn og psykose, og ligg på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver. Det gis polikliniske tenester begge stader, døgnavdelingane er lokalisert på Tertnes.
Vi søker etter psykologspesialist til allmennpsykiatrisk døgnavdeling C1, da vi ønsker å styrke behandlarteamet ytterlegare. Det er ønskeleg med psykologspesialist med spesialisering innan klinisk vaksenpsykologi.
Ved avdeling C1 har vi frå før 2 overlegar, psykologspesialist, psykolog, LIS 1 og 3 legar og sosionom. I tillegg er det ein miljøpersonalgruppe, som består av høgskoleutdanna derav mange med relevant vidareutdanning. Avdelinga har eit godt arbeidsmiljø, der det blir lagt vekt på tverrfagleg samarbeid. Vi er opptatt av aktivitet og meistring, og søker også å hjelpe den enkelte pasient til auka forståing av kva for tiltak som er nyttige med tanke på betring. Fagleg tar vi utgangspunkt i fleire tilnærmingar, både innan dynamisk og kognitiv tradisjon og meir generell psykoedukasjon, avhengig av kva som passar for den enkelte. Vi har typisk innleggingar av relativt kort varigheit, men det er moglegheit for å ha noko poliklinisk verksemd parallelt med arbeidet i døgnavdeling.
Døgnavdelinga har 15 sengeplassar, derav 9 senger er 7- døgnsenger og 6 senger er 5-døgnsenger. Avdelinga er godkjent for tvungen psykisk helsevern, og har jamleg pasientar innlagd under tvungen vern, men langt flest er frivillig innlagd.
Bjørgvin DPS legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og har fokus på klinikk-nær forsking. Det er for tida tilsett 11,2 legespesialistar og 22 psykologspesialistar på heile Bjørgvin DPS. Vi har ein intern kollegial rettleiingsgruppe for spesialistar, som treffast månadleg for gjensidig støtte og refleksjon omkring pasientforløp, eigen rolle mv.
Arbeidsoppgåver
Spesialisert utgreiing og differensiert behandling av tilviste pasientar
Opplæring av pasientar og pårørande
Rettleiing av den kommunale helsetenesta
Undervisning og rettleiing av miljøpersonale
Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell
Kvalifikasjonar
Psykologspesialist innan klinisk vaksenpsykologi
Norsk autorisasjon som psykolog
Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Ønskeleg med erfaring frå døgnavdeling
Personlege eigenskapar
Engasjert og løysingsorientert
Tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
Ein spennande psykologstilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
Lønn i henhald til avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Barnehageplass
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.